Borga I Ur

Odd Nordstoga

To elver renn gjennom landet Ur, møtest der, og høgt fra ein mur Ser du opptog med faner og vimplar i vind; der elvene møtest skrid opptoget inn.



Eit bord med safirpynta beger av gull, hyller med kunnskap, rull på rull. Salar med strengespel , song og lått, ringdans med fløyter og harpeslått.



Så snør det i landet: gløymselsnø. Borte blir borga og gløymde dei brød. Som metta dei fem tusen munnar frå korg: Andlet ber blindt på ei tusenårssorg.



Og ingen kan minnast dei linne drag i dronningas andlet den fagre dag Då landet her kvilte i heilag fred og alle hadde kjærleik å elske med.



Ei dør slår opp i den stille kveld, gjennom opningen anar du skinet av eld Og stemmer som vinden ber fram der du trør: Dette er noko du kjenner fra før.



Ei hand spelar terning i fakkelskin, ein fot trør i dans under ljost, mjukt lin; Dei er her, dine bortgløymde systrer og brør: Detter er noko du kjenner frå før.



Gløym slitet for glede og frykta for sorg; det er her, alt du treng, Det er brød i ei korg frå eit løyndomsfullt bord i så fast ei borg.



Sjå her er dagen som renn. Sjå, her stig sola for deg Sjå, her er korga med brød for alle, i borga i landet Ur.